Vann-teknologi
Vatn
Av Jon Samuel Håbrekke
Då Iliuka for meir enn 20 år sidan fekk spørsmål om vatn, vart Grander revitalisert vatn framheva. Men like viktig var denne merknaden: «Det er meget om vannet der ennu ei er kjent for menneskebarnet.» Det var difor naturleg for meg å installere Grander revitaliseringseining på vassinntaket til huset vårt då dette vart bygd og innflytta i 2011.
Vatn frå kranen, «byvatn» er ofte tungt fordøyeleg. Intuitivt gir det oss motvilje til å drikke dette vatnet. Difor går mange rundt og er dehydrert. Overgangen til vatnet sin fjerde aggregattilstand, plasma, går tregt med det vanlege tappevatnet frå kranen. Historisk kan vi starte vår reise for å forstå vatn med Viktor Schauberger (1885-1958). Han var i si tid skogvaktar i Tyrol i Austerrike.
Han filosoferte over observasjonar han gjorde i naturen. Særleg interesserte han seg for eigenskapane til vatn. Han hevda at først må vi forstå naturen, og deretter kan vi kopiere naturen. Det er god grunn til å tru at Johnn Grander (1930-2012) sitt arbeid med revitalisert vatn bygde vidare på arbeidet til Viktor Schauberger. Johann Grander blir rekna som oppfinnar av det sekskanta vatnet. Påstanden om at dette vatnet har særskilte eigenskapar har vore omstridd. Vi har mange forskarar som heng fast i det gamle paradigmet om at vatn har berre 3 aggregattilstandar, og at det berre er tull å hevde at vatn kan vera ein informasjonsberar.
Vatn og helse
Dr. Mu Shik Jhon studerte også effekten av ulike mineral på vatnet sin struktur. Jern, sink, magnesium og koppar (Fe3+, Zn2 , Mg2+, Cu2+) Hadde størst positiv innverknad på å strukturere vatnet. Størst negativ effekt hadde ion av aluminium og beryllium (Al3+, Be3+). For aluminium var den negative effekten meir enn 6 gonger sterkare enn den positive effekten av minerala jern, sink og magnesium. Dette gir oss ein klar indikasjon på at vi må halde ionisert aluminium langt unna celler i organa og kroppen vår, jfr. aluminium i vaksine.
I ein annan studie hadde han fokus på heksagonalt vatn og DNA.Ein digital modell av vasskappa som omgav normalt DNA i friske celler viste ein klar heliksspiral med 36 vassmolekyl i det indre laget. Rundt unormalt DNA frå celler med redusert energiproduksjon vart det derimot funne berre 25 vassmolekyl i det same hydrerte laget. Det tette vasslaget med sterkt strukturert vatn rundt normale DNA-molekyl stabiliserer den heliksforma strukturen til DNA. Dette dannar eit vernande lag mot alle former for ytre påverknad som kunne årsaka genetisk feilfunksjon.
Menneske har vel hatt ein eller annan vag forståing av at vatn kunne lagre frekvensar og informasjon heilt frå homeøpatien sin barndom. I 2005 kom Masaru Emoto med boka Vannets tidløse visdom (norsk utgåve 2006). Han fotograferte tappevatn som krystalliserte og såg at tappevatn frå ulike byar og område kunne ha vanskar med å krystallisere. Han undersøkte også vatn som hadde stått med merkelappar der det var skrive positive eller negative meldingar. Alt frå kjærleik og takksemd til angst og stress. Dette gav utslag på harmoni og disharmoni i krystallstrukturen.
Vatnet vart også merka med bokstavkoden SARS, eit frykta virus for respiratorisk sjukdom. Det resulterte i fullstendig fråvær av normal krystallstruktur. Difor er det viktig å lage til mat og drikke med respekt og kjærleik. Piezoelektrisk effekt, ultralyd og vasskvalitet Askøy var massivt framme i media i 2019. Grunnen var funn at avføring og koliforme bakteriar i eit høgdebasseng. Eit barn vart lagt inn på Haukeland og døydde. Professor emeritus Tor-Henning Iversen var ein av dei som vart engasjert for å finne ei løysing på problemet.
Ei norsk oppfinning med piezoelektrisk effekt viste seg å påverke vatnet slik at vekst av koliforme bakteriar vart langt på veg eliminert. Saman med 2 gryndere har produktet blitt utvikla og oppgradert. Produksjonslinja består av 5 robotar og produserer ein DaBV med form som eit 7 mm tjukt kredittkort. Produktet kan festast med strips ved stoppekranen på røyret for vatn inn i huset utan behov for rørleggar. Det piezoelektriske feltet fangar opp lyden frå rennande vatn og omformar denne lyden til ultralyd. Ultralyden går attende frå DaBVen til vatnet som eit ekko. Dette endrar den fysiske strukturen i vatnet. Drikkevatnet blir levert i til dels gamle røyr der det kan få med seg negativ informasjon. Fordi vassmolekylet har ei svak positiv og negativ side, klyngjer molekyla seg saman til aggregat. Desse aggregata medfører at magnesium og kalsium dannar kalk i reaksjon med karbondioksid og blir eit medium for vekst av bakteriar og algar. Overgangen til aggregattilstanden plasma i levande organismar – vatnet sin fjerde aggregattilstand går alt for tregt.
Når dyr får val mellom ubehandla «byvatn» og DaBVvatn, vel dyra intuitivt DaBV-vatn. Idrettsutøvarar rapporterer at dei unngår å bli dehydrert etter harde treningsøkter. Skorne blomster kan stå ei veke ekstra i vasen før dei må kastast. I Vietnam er veksten av søtpotet ferdig etter 5 månader med vanleg ubehandla vatn. Med DaBV-vatn blir søtpoteten ferdig etter 3,5 månader. Ein norsk bonde er produsent av egg og kylling. Med DaBV-vatn drikk desse fuglane meir vatn og utnyttar foret meir effektivt. Kyllingen når slaktevekt på kortare tid. Bakeriet som får egg frå DaBV-høner, rapporterer om ein markant betre kvalitet på deigen til kakene dei produserer. Helseeffekt Vatn, der aggregat av mange molekyl blir splitta opp til enkeltmolekyl, synest difor å ha svært gunstig helseeffekt både for planter, dyr og menneske.
Referanse:
The piezo-electric effect: https://dabv.no/wp-content/uploads/2022/09/The-piezo-electric-effect.pdf Heimeside
Det aller Beste Vann (DaBV): https://dabv.no/
Jon Samuel Håbrekke
Hovudfag: Mikrobiell biokjemi